Rossano
kommune i Italia From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rossano er ein by og ein kommune i provinsen Cosenza i regionen Calabria i Italia. Kommunen har i kring 37 000 ibuarar og eit areal på 149 km². Gamlebyen, som vart bygd under romarriket, ligg på ei høgde 270 meter over havet, og om lag 3 km frå Tarantobukta. Dei nyare bydelane er bygd ved foten av gamlebyen, nær ved havet.
Rossano er kjend for sine steinbrot der det vert utvunne marmor og alabast. Ein katolsk erkebiskop har sete i byen, som har ein større katedral og ei borg. To pavar, ein av dei motpave, vart fødde i Rossano i den tidlege mellomalderen.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Rossano» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juni 2014.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads