Route 66 av Bobby Troup

song av Bobby Troup From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«(Get Your Kicks On) Route 66», ofte berre kalla «Route 66» er ein rhythm and blues-standard av Bobby Troup frå 1946. Han vart først spelt inn av Nat King Cole same år, og sidan av mange artistar som Chuck Berry i 1961 og The Rolling Stones i 1964. Teksten på songen omhandlar ei reise på den amerikanske motorvegen Route 66, som brukte å gå eit langt stykke i USA, frå Chicago i Illinois til Los Angeles i California.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Troup fekk ideen til songen då han køyrte vestover frå Pennsylvania til Los Angeles og teksten, som referer til mange av byane som vegen gjekk gjennom, omhandlar kjærleiken og fridomen med bilreiser.

Førsteutgåva av Nat King Cole vart ein hit på både R&B- og pop-lista i USA. Versjonen til Perry Como i 1959 er meir komplett, med eit vers som sjeldan er med, samt eit introduksjonsvers.

Songen har vorte ein del av standardrepertoaret og har sidan vorte spelt inn av mange artistar:

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads