Bing Crosby
amerikansk songar og skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Harry Lillis «Bing» Crosby (3. mai 1903–14. oktober 1977) var ein amerikansk songar og filmskodespelar.
Remove ads

Foto:
Allan Warren
Remove ads
Liv
Crosby var fødd 3. mai 1903 i Tacoma i Washington, men trudde alltid sjølv at fødedatoen var 2. mai 1904.[1][2] I 1906 flytta familien til Spokane,[3] der han voks opp.[4]
Crosby fortalde sjølv om korleis han fekk tilnamnet «Bing» i eit radiointervju i 1937. Han skal ha leika politi og røvar som liten, og stadig vekk «skote» folk med ordet «bing».[5][6][7]
I 1917 hadde Crosby ein sommarjobb ved Auditorium i Spokane, der han såg framståande utøvarar som Al Jolson. Han skildra seinare Jolson si framføring som «electric».[8]
Crosby gjekk ut frå Gonzaga High School i 1920 og byrja studera ved Gonzaga University. Her blei han verande i tre år, men oppnådde ingen grad.[9] I 1937 blei han gjeven eit æresdoktorat av universitet.[10] I dag huser Gonzaga University ei stor samling fotografi, korrespondense og anna materiale knytt til Crosby.[11]
Remove ads
Virke
Bing Crosby blei kjend frå slutten av 1920-åra gjennom samarbeid med mellom anna Paul Whiteman og Bix Beiderbecke.[4] Han var svært populær på 1930- og 1940-talet, og er ofte rekna som den første popstjerna i musikkhistoria. Ein avslappa, lett innsmigrande syngestil som crooner og plystrar blei stilskapande for neste generasjon populærsongarar. Grammofonplater av Crosby blei selde i millionar av eksemplar, og han heldt på populariteten inn i etterkrigstida.[4]
Crosby si innspeling av Irving Berlin-songen «White Christmas» (1942) var fram til 1977 verdas mest selde grammofonplate.
Crosby var også ein dyktig filmskodespelar. Han debuterte med King of Jazz (Jazzkongen, 1930) og vann stor popularitet i Road-filmane (1940–52) saman med Bob Hope og Dorothy Lamour. Han vann ein oscarpris for Going My Way (Vandre min vei, 1944). andre filmar han spelte i var White Christmas (1954), The Country Girl (Bak kulissene, 1955) og High Society (Fint folk flørter, 1956), i sistnemnde saman med Louis Armstrong og Frank Sinatra.
I 1953 gav han ut sjølvbiografien Call Me Lucky.[4]
Ein av Crosby sine siste opptredendar var på Momarkedet på Mysen i 1977.[4]
Posthumt fekk han ein stor hit i 1982 med «Peace on Earth/Little Drummer Boy», i ein duett med David Bowie.[4]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads