Rowan Atkinson

britisk komikar, skodespelar og manusforfattar From Wikipedia, the free encyclopedia

Rowan Atkinson
Remove ads

Rowan Sebastian Atkinson (fødd 6. januar 1955) er ein britisk skodespelar og komikar, mest kjend for rollene sine som «Sorte Orm» og «Mr. Bean» i TV-seriane med same namn. I 2003 blei han kåra som ein av dei 50 morosamaste personane innan britisk komedie av avisa The Observer.

Remove ads
Remove ads

Bakgrunn

Atkinson er frå Consett i County Durham i England.[1][2][3][4] Han var den yngste av dei fire sønene til Eric Atkinson, ein gardbrukar og styreleiar, og Ella May (fødd Bainbridge), som gifta seg i 1945.[4] Eldstebroren Paul døydde som liten, den neste, Rodney, blei seinare ein euroskeptisk økonom som stilte til partileiarvalet til UK Independence Party i 2000, og Rupert.[5][6]

Atkinson var elev ved privatskolen Durham Cathedral Choristers, der den framtidige statsministeren Tony Blair også var elev.[7]

Etter å ha fått toppkarakterar i A levels i naturvitskap,[8] studerte Atkinston elektroteknikk ved Newcastle University, der han fekk ein BSc i 1975.[9][10]

Han oppnådde ein master ved University of Oxford.[11] Atkinson byrja på doktorgardsstudiar ved Queen's College i Oxford, der far hans tidlegare hadde vore student, men gav dei opp etter kort tid for å bli skodespelar.[12][13][14] Han fekk eit æresdoktorat (Honorary Fellow) ved colleget i 2006.[15]

Atkinson blei med i The Oxford Revue, og fekk nasjonal merksemd ved Edinburgh Festival Fringe i august 1976.[9] Han hadde då allereie skrive og spelt sketsjar i Oxford for The Etceteras, revygruppa til Experimental Theatre Club (ETC), og for Oxford University Dramatic Society (OUDS), der han møtte dramatikaren Richard Curtis[9] og komponisten Howard Goodall, som han kom til å halda fram å samarbeida med seinare i karrieren sin.[16]

Remove ads

Karriere

Radio

Atkinson spelte i radiokomedien The Atkinson PeopleBBC Radio 3 i 1979, ein serie oppdikta intervju med store menn som alle blei spelte av Atkinson. Serien var skriven av Atkinson og Richard Curtis, og produsert av Griff Rhys Jones.[17]

Film og fjernsyn

Etter fleire mindre komiske roller på fjernsyn blei Atkinson med i Not the Nine O'Clock News for BBC i 1979. Han var ein av sketsjforfattarane, og opptredde i lag med Pamela Stephenson, Griff Rhys Jones og Mel Smith.[18]

Blackadder

Etter suksessen med Not the Nine O'Clock News fekk Atkinson hovudrolla som Edmund Blackadder i den historiske komedien Blackadder ( Sorte Orm) Frå 1983 til 1989 laga BBC i alt 24 episodar av den populære humorserien. Den fyrste sesongen, The Black Adder (1983), var skriven av Atkinson og Richard Curtis, der Atkinson spelte ein dum og vond lord i ein alternativ versjon av mellomalderen. Den andre serien, Blackadder II (1986), var skriven av Curtis og Ben Elton, og følgde ein etterkomar av den opphavlege hovudfiguren i elisabethansk tid, som no var ein slu antihelt. Neste sesong Blackadder the Third (1987), gjekk føre seg i regencytida, og Blackadder Goes Forth (1989) under fyrste verdskrigen. Serien blei ein av dei mest suksessfulle situasjonskomediane til BBC, og det blei også laga spesialepisodar som Blackadder's Christmas Carol (1988).

Mr. Bean

Thumb
Rowan Atkinson som Mr. Bean.

Atkinson er mest kjend for den morosame og uheldige rollefiguren Mr. Bean, som fyrst dukka opp på nyttårsdagen i 1990 i eit innslag på Thames Television. Atkinson dukka opp på komedie-festivalen i Montréal i 1987 og 1989. Fleire oppfylgjarar i serien om Mr. Bean dukka opp på britisk TV i 1990, og sidan kom kinofilmane Mr. Bean - Den store katastrofefilmen i 1997, regissert av Mel Smith, og Mr. Beans ferie i 2007.

Film og seinare roller

Thumb
Atkinson ved premieren på Johnny English Reborn i 2011.

Rowan Atkinson debuterte som filmskodespelar i 1983 med ei birolle i den «uoffisielle» James Bond-filmen Never Say Never Again, i tillegg til hovudrolla hans i filmen Dead on Time, der han mellom anna spelte mot Nigel Hawthorne. Han dukka òg opp i Mel Smith sin regidebut The Tal Guy i 1989. Han har òg spelt saman med Anjelica Huston og Mai Zetterling i filmen basert på Roald Dahl si bok Heksene, som kom ut i 1990. I 1993 spelte han rolla som Dexter Hayman i Hot Shots! Del Deux, ein parodi på Rambo III, der Charlie Sheen hadde hovudrolla.

I 1995 og 1996 hadde Atkinson rolla som inspektør Raymond Fowler i den populære fjernsynsserien The Thin Blue Line skriven av Ben Elton, som fann stad på ein politistasjon i den oppdikta byen Gasforth. Ei anna kjend rolle han har hatt var rolla hans som ein uheldig løynleg agent for det britiske M15. Han spelte òg i ein komisk parodi på Doctor Who. Han hadde også blitt vurdert som ein kandidat til å spela hovudrolla som doktoren i sjølve showet.

Atkinson fekk ytterlegare heider som skodespelar for rolla hans som ein verbalt klossete prest i 1994 i filmen Fire bryllaup og ei gravferd. Same år blei han omtala i Walt Disney-filmen Løvenes konge. Atkinson hald fram med ymse biroller i fleire vellykka komediar. Til dømes då han hadde rolla som Enrico Pollini i Rat Race (2001), Scooby-Doo (2002), og Love Actually (2003). I 2005 spelte han i krimkomedien Keeping Mum der mellom anna Kristin Scott Thomas, Maggie Smith og Patrick Swayze også var med.

I 2003 hadde han hovudrolla som Johnny English i filmen med det same namnet. Filmen var ein parodi av James Bond. Oppfylgjaren, Johnny English Reborn, kom ut i 2011, og Johnny English Strikes Again kom ut i 2018.

I 2009 hadde Atkinson rolla som Fagin i West End-musikalen Oliver! ved Theatre Royal i Drury Lane. Denne framsyninga blei regissert av Rupert Goold.[19] Rolla hans fekk positive meldingar, og han blei nominert til ein Olivier-pris for henne.[20]

I 2023 spelte Atkinson ein prest i filmen Wonka, ein prequel til Charlie and the Chocolate Factory.[21]

Remove ads

Privatliv

Atkinson trefte kona si Sunetra Sastry for fyrste gang på 1980-talet då ho arbeidde som sminkør i BBC. Sunetra har indisk far og britisk mor. Atkinson gifta seg med henne i New York i 1990. Dei fekk to born saman. I 2015 skilde dei lag. Atkinson fann seinare kjærleiken med skodespelaren Louise Ford i 2019.[22][23] Han eig hus i Northamptonshire i Oxfordshire og London.

Prisar og utmerkingar

I 2013 blei Atkinson utnemnd til kommandør (CBE) av Order of the British Empire for arbeidet sitt innanfor drama og velgjerd.[24][25]

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads