Roxburgh

From Wikipedia, the free encyclopedia

Roxburgh
Remove ads

Roxburgh er ein landsby i regionen Scottish Borders i Skottland. Han har kring 400 innbyggjarar og ligg omkring 2 km vest for det historiske Roxburgh, som i mellomalderen var ein viktig by.

Kjappe fakta skotsk-gælisk skotsk, Plassering ...
Remove ads

Historie

I mellomalderen var Roxburgh like viktig som Edinburgh, Stirling og Berwick-upon-Tweed. Årsaka til dette var plasseringa i det fruktbare jordbruksområdet i det skotske låglandet. At han låg ved elva Tweed tydde at det var mogleg å eksportere varer via hamna Berwick-upon-Tweed, noko som la grunnlag for rikdom. Plasseringa var òg strategisk i tilhøve til behovet for vern mot engelske invasjonar.

Militært var byen lett å forsvare, sidan han låg på ei halvøy mellom Tweed og Teviot, med Roxburgh slott plassert slik at det vakta vegen inn på halvøya. Likevel måtte han fleire gongar gje tapt under harde åtak, og han vart fleire gonger teke av engelske styrkar og så teke attende av skotske. Etter å ha vorte inntatt for siste gongen i 1460 vart både byen og slottet øydelagt. Ein nådde ikkje å byggje han opp att før Berwick-upon-Tweed fall til engelskmennene i 1482, og det var då ikkje verken militært eller økonomisk grunnlag for å gjenreise byen.

Det er berre mindre restar igjen av forsvarsverka til slottet, og så godt som ingen spor etter sjølve byen. Staden blir ått av hertugen av Roxburghe.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads