Roy Jacobsen

norsk forfattar From Wikipedia, the free encyclopedia

Roy Jacobsen
Remove ads

Roy Jacobsen (26. desember 195418. oktober 2025) var ein norsk forfattar frå Oslo.[1]

Remove ads

Bakgrunn

Jacobsen voks opp i Groruddalen i Oslo. Frå 1979 til 1986 budde han på heimstaden til mora på Solfjellsjyen i Dønna kommune i Nordland.[2] Han arbeidde blant anna som snikkar, fiskar, lærar, sjauar og pleieassistent,[3] også etter debuten i 1982, før han vart forfattar på heiltid i 1990.

Forfattarskap

Han debuterte i 1982 med novellesamlinga Fangeliv som han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for.[4] Han var nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for romanane Seierherrene i 1991 og Frost i 2004. Som fyrste nordmann vart han nominert til Man Booker International Prize, for romanen De usynlige i 2017.[5]

Bøkene hans har vorte omsette til mellom anna dansk, tysk, svensk, engelsk, polsk, finsk, islandsk, nederlandsk, rumensk og albansk.

Privatliv

Roy Jacobsen var gift med fyrsteamanuensis Anneliese Pitz.[6]

Remove ads

Verk

  • 1982 Fangeliv, noveller
  • 1984 Hjertetrøbbel, roman
  • 1985 Tommy, roman
  • 1987 Det nye vannet, roman
  • 1988 Virgo, roman
  • 1989 Det kan komme noen, noveller
  • 1990 Ursula, barnebok
  • 1991 Seierherrene, roman
  • 1992 Fata Morgana, roman,
  • 1994 Den høyre armen, noveller
  • 1995 Trygve Bratteli. En fortelling, biografi om Trygve Bratteli
  • 1998 Ismael, roman
  • 1999 Grenser, roman
  • 2001 Fugler og soldater, noveller
  • 2002 Det nye vinduet, noveller
  • 2003 Frost, roman
  • 2005 Hoggerne, roman
  • 2007 Marions slør, roman
  • 2009 Vidunderbarn, roman
  • 2013 De usynlige, roman
  • 2015 Hvitt hav roman
  • 2017 Rigels øyne roman
  • 2019 På randen av Vigeland sjølvbiografisk forteljing
  • 2019 Mannen som elsket Sibir roman
  • 2020 Bare en mor roman

Prisar og utmerkingar

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads