Rudolf Steiner
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rudolf Joseph Lorenz Steiner (27. februar 1861–30. mars 1925)[a] var ein austerrkisk tenkjar, pedagogisk teoretikar, forfattar og føredragshaldar, vidgjeten for å ha utvikla ei lære, antroposofien, om menneskets individuelle åndelege kosmiske tilknyting og stegvise åndelege utvikling i sitt jordiske liv. På grunnlag av dette menneskesynet etablerte han den pedagogikken som går under nemninga steinerpedagogikk eller waldorfpedagogikk.


Remove ads
Bakgrunn
Rudolf Steiner kom til verda i den vesle byen Donji Kraljevec i regionen Međimurje i det området som no er nordaustre Kroatia, men som då var ein part av Austerrike-Ungarn; han hadde austerrikske foreldre og var tyskspråkleg. Han døydde i Dornach i nærleiken av Basel i Sveits, der han hadde skipa eit sentrum for den antroposofiske rørsla. Dette senteret hadde han kalla Goetheanum etter Johann Wolfgang von Goethe, som var og framleis er særs viktig i antropologisk og steinerpedagogisk samanheng.
Remove ads
Sjå òg
Merknader
- I offisielle dokument er fødselsdagen sett til 27. februar 1861, men Rudolf Steiner har skrive i eit handskrift at han vart fødd 25. februar og døypt to dagar seinare: «Meine Geburt fällt auf den 25. Februar 1861. Zwei Tage später wurde ich getauft.» Desse opplysningane er dokumenterte i Beiträge zur Rudolf-Steiner-Gesamtaufgabe, Heft 49/50.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads