Rumat al-Heib

From Wikipedia, the free encyclopedia

Rumat al-Heib
Remove ads

Rumat al-Heib (arabisk رُمة الهـَيـْب, hebraisk רומת אל-הייב) er ein beduinlandsby nord i Israel. Han ligg nær Nasaret i Nedre Galilea og høyrer til al-Batuf regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 1 710.[1] Landsbyen vart grunnlagd i byrjinga av 1920-åra av arabarar frå al-Heib-stamma, og vart opphavleg kalla opp etter familien. Det noverande namnet fekk landsbyen i 1968.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...

Al-Heib-beduinane var ein av fleire beduinar som var allierte med jødiske militære styrkar under den israelsk-arabiske krigen i 1948, og som aktivt deltok i å forsvare nedre Galilea og Beth Shean-dalen mot palestinsk-arabiske paramilitære og den arabiske frigjeringshæren. Al-Heib-soldatane danna sidan kjernen i Minoritetseininga til det israelske forsvaret. Fram til i dag er framleis mange menn frå al-Heib i teneste i forsvaret.

I 2007 var det spaningar mellom landsbyen og den nærliggande moshaven Tzippori, då beduinane vart skulda for kvegtjuveri.[2]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads