Runde fyrstasjon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Runde fyr ligg på Runde i Herøy kommune på Sunnmøre. Det vart oppretta i privat eige som det femte fyret i Noreg etter Lindesnes fyr i 1767.
I 1807 tok staten over fyret som vart automatisert i september 2002. Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST) har etter dette fått i stand ein avtale med Kystverket, og har sidan juli 2003 nytta den nyaste fyrvaktarbustaden som turisthytte. Heile fyrstasjonen vart verna av riksantikvaren i 2001.
Fyrstasjonen ligg i nærleiken av Rundabranden som er det sørlegaste fuglefjellet i landet, og området ligg innanfor Runde naturreservat som er freda etter lov om naturvern.
Remove ads
Historie
Då Runde fyr vart oppretta i 1767, var det fordi auka trafikk langs kysten førte til fleire ulukker, og ikkje minst rundt Runde var det farleg å ferdast. Mellom anna hadde det nederlandske handelsskipet Akerendam gått ned like ved Kvalneset, der fyret står no, i 1725. I starten var fyret mest som ei gryte som ein heldt fyr i, men i 1826, nokre år etter at staten tok over, vart det oppgradert til eit lukka kolblussfyr. Seinare, i 1858, vart det bygd eit støypejernstårn ytst ute på Kvalneset. Nedste del av dette tårnet er bevart, medan resten vart flytta til Sklinna fyrstasjon i Nord-Trøndelag.
I 1935 vart fyret vidare oppgradert til eit betongtårn som står lenger oppe i skråninga. Lykta i det nye tårnet vart tent 27. august same året. Fyret vart etterkvart meir og meir automatisert og i 2002 var det ikkje lenger naudsynt med menneskeleg overvaking og den siste fyrvaktaren flytta ut. Fyret er freda av Riksantikvaren frå 2001.
I 2003 fekk Ålesund-Sunnmøre Turistforening ein avtale med Kystverket om å bruke den nyaste fyrvaktarbustaden som turisthytte. [1]
Busetnad på fyrstasjonen
Dei gamle fyra måtte overvakast nærast døgeret rundt, noko som medførte at fyrvaktaren måtte bu så nær som mogleg. Per 2005 består fyrstasjonen av 6 bygg; sjølve fyrbygningen, smie, 2 bustadshus, kombinert fjøs og låve, og olje- og vedbod. I desse husa helt tidvis svært mange til. Gjennom åra budde der fyrvaktarar, assistentar, koner, born, guvernanter, tenestefolk og husdyr. Guvernantene var der for å halde skule for borna.
« |
Rundøy fyr |
» |
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads