Rune Brattsveen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rune Brattsveen (fødd 5. april 1984) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Nordre Land som vann VM-gull og -sølv med Noreg i høvesvis 2012 og 2008.
Remove ads
Brattsveen debuterte i verdscupen i skiskyting i desember 2007 i finske Kontiolahti, og imponerte ved å verte nummer ni på sprintdistansen og fem på jaktstarten dagen etter. Femteplassen skulle vise seg å verte hans aller beste individuelle plassering i verdscupen, men i stafett fekk han vere med på triumfar i Ruhpolding i januar 208 og i Hochfilzen i desember 2011.
Under VM i skiskyting 2008 i Östersund gjekk Brattsveen den andre etappen på det norske laget som tok sølv i 4 x 7,5 km stafett og vart nummer 11 i fellesstarten. Fire år seinare fekk han gå den andre etappen i 4 x 7,5 km stafett for Noreg i VM i skiskyting 2012 i Ruhpolding. Saman med Ole Einar Bjørndalen, Tarjei Bø og Emil Hegle Svendsen vart han verdsmeister, eit halv minutt framom Frankrike sitt mannskap. Seinare i 2012 vann Brattsveen fellesstarten og fekk bronsen i 20 km då noregsmeisterskapen 2012 fann stad i Saupstad ved Trondheim, hans einaste individuelle NM-medaljar.
Brattsveen la opp etter 2014-sesongen, etter lengre tids sjukdom.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Rune Brattsveen» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mars 2016.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads