Running av Sandro Nicolas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Running» (norsk 'springande') er ein song frå 2020 som vert framført av den tyske songaren Sandro Nicolas. «Running» vart utgjeven i mars 2020 og skulle ha vore det kypriotiske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]
Remove ads
Eurovision Song Contest
29. november 2019 kunngjorde den kypriotiske kringkastaren RIK at Sandro Nicolas skulle representere Kypros i Eurovision Song Contest. Det verkelege namnet hans er Alessandro H. Rütten, og han er fødd og oppvaksen i Tyskland.[2] Sandro har amerikansk far og gresk mor.[3]
RIK sette ned eit låtskrivarlag for å lage og utvikle «Running». Den australske musikaren og songaren Alfie Arcuri leia låtskrivarlaget, medan Martin Dietmann var kunstnarisk leiar for songen og framsyninga.[4] Låten vart presentert og utgjeven i mars 2020.[5]
I januar 2020 heldt EBU ei loddtrekking for å avgjere kva for ein av dei to semifinalane songen skulle delta i. Kypros vart trekt ut til å opptre i den fyrste semifinalen tysdag 12. mai 2020. Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[6] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads