Rustgrimeparakitt

art av papegøyefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Rustgrimeparakitt
Remove ads

Rustgrimeparakitt (Bolborhynchus ferrugineifrons) er ein sårbar parakitt og han er endemisk for Colombia med utbreiing i høgtliggande, sentrale Andes, frå Cauca-departementet i sør, nord gjennom Tolima til Caldas.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Rustgrimeparakitten er ein liten, tjukkfallen, mørkegrøn parakitt på om lag 18-19 centimeter i kroppslengd. Rundt nebbet er han raudbrun, undersida noko lysare grøn, og primærfjørene er i blått.

Denne parakitten lever i krattskog og lågvoksen dvergskog i grenesområde mellom jordbruksland og páramo-stepper i høgder mellom 3200 til 4000 moh., nokre gonger heilt ned til 2800 moh. Her lever han helst av grasfrø og blomar.

Populasjonen er estimert til mellom to og fire tusen vaksne individ, og er trudd å vere minkande. Trugsmåla er utviding av jordbruksareal i lågaste delane om utbreiingsområdet og vedsanking i dei høgste. IUCN har klassifisert arten som sårbar, VU.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads