Rusttippbergkall

art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Rusttippbergkall
Remove ads

Rusttippbergkall (Cinclodes comechingonus) er ein medlem av slekta av bergkallar i omnfuglfamilien Furnariidae. Han er endemisk for Argentina.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Rusttippbergkallen er om lag 17 cm lang og veg mellom 25 og 32 gram. Hann og ho har lik fjørdrakt. Vaksne fuglar har eit bleikraudt augebrynstrekk og eit mørk gråbrunt band som strekkjer seg frå området rundt nebbet gjennom øyredekkfjørene. Krona og oversida er gråbrune. Vengene er òg gråbrune med eit breitt raudbrunt band med svarte kantar ved basis av flygefjørene – dette bandet er det største og klåraste av alle bergkallar. Stjerten er mørk grå, bortsett frå det ytste fjørparet, som er svartaktig med bleikraudbrune spissar. Hals og bryst er kvite med mørke skjelforma teikningar, flankane lysbrune, og buken og undergumpen bleik kvitgul. Auga er brune, nebbet svart med gul basis på undernebbet, og beina og føtene svarte.

Remove ads

Utbreding og leveområde

Rusttippbergkallen finst i Comechingónesfjella i det nordlege sentrale Argentina, frå Córdoba-provinsen nord til provinsane Tucumán og Santiago del Estero. Han lever i opne grasområde, ofte steinete, og held seg mindre ved vatn enn andre bergkallar. Høgda han vanlegvis finst i, varierer mellom 1 600 og 2 800 meter over havnivå, men han har vorte observert heilt opp til 3 300 m nær Aconcagua.

Åtferd

Rusttippbergkallen er delvis trekkfugl. Han hekkar så langt nord som i Mendoza-provinsen, og etter hekkesesongen flyttar nokre fuglar lenger nord, medan andre trekkjer til lågare høgder.

Føda til rusttippbergkallen består av ulike insekt, små virvellause dyr som sniglar og blautdyr, og frø. Fuglane søkjer vanlegvis føde parvis, der dei plukkar føda frå bakken, frå graset og steinane.

Hekkesesongen er om våren og sommaren på den sørlege halvkula. Arten er monogam, og para held truleg saman heile året. Reiret er i eit kammer ved enden av ein tunnel, som fuglane sjølve grev ut i ein jordskrent eller i ei fjellsprekk. Reirkammeret blir fora med gras, hår og lauv. Kullet består av to egg, elles er lite kjent om hekkebiologien.

Status

Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert rusttippbergkallen til å vere «livskraftig» (LC). Sjølv om han har eit avgrensa utbreiingsområde og ein ukjend, men truleg minkande, populasjon, oppfyller han ikkje kriteria for å bli rekna som nær truga. Ingen umiddelbare truslar er identifiserte. Arten blir rekna som vanleg innanfor det avgrensa utbreiingsområdet,[1] og habitatet hans er relativt lite påverka av menneske i området.[2]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads