Ruth Grung
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ruth Mari Grung (fødd 10. mars 1959) er ein norsk politikar (Ap) som er stortingsrepresentant for Hordaland i 2013-2017.
Grung fungerte som Bergens byråd for barnehage, idrett og skule frå 1. september 2002 til 30. juni 2003, medan byråd Anne-Gine Hestetun hadde omsorgspermisjon. Ho var medlem av Bergen bystyre frå 2003 til 2011. Grung var ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Bergen ved kommunevalet i 2007. Ho var kommunalråd og leiar for bystyrets komité for miljø og byutvikling 2007-2011. Ho er også styreleiar for Stiftelsen Kulturhuset Verftet USF.
Ved fylkestingsvalet i 2011 var ho Arbeidarpartiets fylkesordførarkandidat i Hordaland. Ho var medlem av fylkestingets fylkesutval og Arbeiderpartiets gruppeleiar fram til ho ble innvald på Stortinget. Grung har tidlegare vore leiar av Arbeidarpartiet i Bergen.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ruth Grung» frå Wikipedia på bokmål, den 10. oktober 2013.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads