Sète
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sète er ein hamneby og kommune sør i Frankrike ved kysten av Middelhavet. Han ligg i departementet Hérault i regionen Occitanie. Byen har om lag 40 000 innbyggjarar.
Remove ads
Historie
Landsbyen som låg her byrja å vekse då kanalen Canal du Midi, som knyter Middelhavet til Atlanterhavet, stod ferdig i 1681. Namnet på byen vart skrive Cette fram til 1927. Uttalen av Cette og Sète er i røynda den same.
Geografi
Byen er bygd på og rundt Mont St. Clair, og ligg ved i den søraustlege enden av Étang de Thau, ein lukka saltvassjø som vert nytta til dyrking av østers og muslingar. På den andre sida ligg Middelhavet.
Transport
Sète er det austlege utgangspunktet til Canal du Midi, og ligg 25 minutt med tog frå Montpellier.
Bakgrunnsstoff
- Offisiell turistside
- Sète, «Languedoc sitt svar på Venezia» Arkivert 2007-05-14 ved Wayback Machine.
- Bilete av Sète
- 34 bilete av Sète Arkivert 2007-02-08 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads