Sélestat

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sélestatmap
Remove ads

Sélestat (tysk Schlettstadt) er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Bas-Rhin i regionen Grand Est, og har om lag 17 000 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land Region Departement, Flatevidd ...
Remove ads

Geografi

Sélestat ligg sentralt i Alsace, 22 km nord for Colmar og 47 km sør for Strasbourg, ved den venstre breidda til elva Ill. Byen er rekna som eit kulturelt sentrum for området, med fleire gamle bygningar, som kyrkjene Sainte-Foy i romansk stil og Saint-Georges i gotisk stil, eit klokketårn frå 1618 i barokk og eit vasstårn i ny-mellomaldersk stil. Andre interessante bygg er rådhuset frå 1788, jernbanestasjonen frå 1880-åra og synagogen frå 1890-åra, i tillegg til fleire bygg frå renessansen og barokken.

Verdsarvstaden Det humanistiske biblioteket er likevel den viktigaste institusjonen i byen. Biblioteket blei grunnlagd med boksamlinga til humanisten Beatus Rhenanus (d. 1547), og omfattar fleire manuskript frå mellomalderen og renessansen.

Byen er også hovudsete for samtidskunstorganisasjonen Fonds régional d'art contemporain Alsace (FRAC Alsace) og arkeologiorganisasjonen Pôle d'archéologie interdépartemental rhénan. Sélestat ligg nær vinområdet Alsace og andre kjende stader som Château du Haut-Kœnigsbourg.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Sélestat


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads