Bolzano-provinsen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bolzano-provinsen
Remove ads

Provinsen Bolzano, stundom kalla Alto Adige eller Sør-Tyrol (italiensk Provincia autonoma di Bolzano; tysk Autonome Provinz Bozen; ladinsk Provinzia autonòma de Balsan), er ein av to autonome provinsar i regionen Trentino-Alto Adige i Italia. Hovudstaden er byen Bolzano. Han har eit areal på 7 400 km² og totalt 487 673 innbyggjarar (2006). Det er 116 kommunar i provinsen.

Kjappe fakta Land, Region ...

Regionen er kjend for fjella sine, som Dolomittane, som utgjer ein stor del av dei sørlege Alpane.

Remove ads

Geografi

Provinsen Bolzano ligg heilt nord i Italia og grensar til Austerrike i aust og i nord og til Sveits i vest. Dei italienske provinsane Belluno, Trento og Sondrio ligg høvesvis i søraust, sør og sørvest.

Fjell

Thumb
Sciliar

Fjella dominerer landskapet og dei fleste av desse høyrer til Alpane. Den mindre gruppa Ortleralpane vert rekna som sentrum av dei italienske Alpane. Her finn ein fjellet Ortler, med ei høgd på 3 905 meter over havet. Dolomittane er ei anna fjellkjede i provinsen. Fjellet Sciliar (2 563 moh.) er ein del av denne fjellkjeda.

Andre fjell i provinsen er

Remove ads

Administrasjon

Største kommunane i provinsen

Meir informasjon Tysk namn, Italiensk nam ...
Remove ads

Historie

Provinsen Bolzano vart oppretta i 1919 etter at området vart annektert av Italia. Det var tidlegare ein del av Tyrol i Austerrike-Ungarn. Området fekk ein autonom status etter den andre verdskrigen slik at det i dag stort sett er sjølvstyrt.[2]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads