S-type-asteroide

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

S-typeasteroidar har ein silikatrik («steinete») samansetnad, difor S-en i namnet. Omtrent 17 % av asteroidane er av denne sorten, som er den nest mest vanlege asteroidesorten; berre C-typen er meir vanleg.

Karakteristikkar

S-typen er moderat lyse med ein albedo på 0,10 til 0,22 og består hovudsakleg av jern- og magnesiumsilikat. S-typen dominerer i det indre hovudbeltet innanfor 2,2 AE og er vanlege i sentralbeltet innanfor 3 AE, men er sjeldne lengre ut. Den største er 15 Eunomia (omtrent 300 km på tvers i lengste dimensjon). Rangert etter diameter kjem 3 Juno, 29 Amphitrite, 532 Herculina og 7 Iris. Desse større S-type-asteroidane er synlege i 10x50 kikkertar ved dei fleste opposisjonar; den ljosaste, 7 Iris, kan til tider bli ljosare enn 7,0 magnitude, som er ljosare enn nokon asteroide unnateke den uvanleg ljose 4 Vesta

Spektruma til S-typane har ein moderat spektralhelling ved bølgjelengder kortare enn 0,7 µm, og har trekk med moderat til svak absorpsjon omkring 1 µm og 2 µm. Absorberinga ved 1 µm indikerer silikat. Ofte er det eit breitt men grunt absorpsjonstrekk rundt 0,63 µm. Samansetninga til desse asteroidane er ofte lik den som steinete meteorittar har, som også har like spektrumleigenskapar.

Remove ads

S-gruppeasteroidar

Sjå òg asteroidespektraltypar

SMASS-klassifisering

I SMASS-klassifiseringa, er mange generelt ”steinete” typar av asteroidar er samla I ei breiare S-gruppe, som har dei følgjande typane:

  • A-type
  • K-type
  • L-type
  • Q-type
  • R-type
  • ei S-kjernetype for asteroidar som har dei mest ”typiske” spektrum for S-gruppa.
  • Sa, Sk, SI, Sq og Sr-typane som inneheld krysningar mellom S-kjernetypen og, respektivt, A, K, L, Q, og R-typane.

S-gruppa er spektrumlsk ganske så forskjellig I frå den karbonrike C-gruppa og den for det meste metalliske X-gruppa.

Tholen-klassifisering

I Tholen-klassifiseringa er ”S-type” ein veldig brei gruppering som inkluderer alle typane is S-gruppa unnateke A-type, Q-type og R-type, som har spesielt ”steinete” absorpsjonstrekk rundt 1 µm.

Remove ads

Kjelder

Referansar

  • S. J. Bus og R. P. Binzel Phase II of the Small Main-belt Asteroid Spectroscopy Survey: A feature-based taxonomy, Icarus, Vol. 158, pp. 146 (2002).
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads