SANAE IV

From Wikipedia, the free encyclopedia

SANAE IV
Remove ads

SANAE IV er forskingsbasen til Den sørafrikanske nasjonale antarktisekspedisjonen som ein del av den sørafrikanske antarktisforskinga (SANAP). Dei to andre basane til SANAP er på Gough Island og Marion Island.

Kjappe fakta Land, Stad ...
Remove ads

Stad

Basen ligg i Dronning Maud Land aust i Antarktis og ligg på toppen av ein flat nunatak, Vesleskarvet, på kanten av Ahlmannfjella. Basen ligg kring 80 km frå kanten av kontinentet og 160 km frå kanten av isbremmen. Vesleskarvet er fullstendig dekt av is.

Bakgrunn

Dei første tre SANAE-stasjonane låg på Fimbulisen nær kysten, men vart gradvis gravlagd i snø og is. SANAE IV var ønsket om ein meir permanent stasjon og stod ferdig i 1997, bygd på stylter som gjer at snøen kan blese under bygningane og dermed ikkje samle seg opp langs veggane.

Stasjonen har oransjefarga tak for at han skal vere lettare å sjå frå lufta. Undersida av stasjonen er måla blå fordi det i teorien skal føre til meir soloppvarming som reduserer oppbygginga av snø under stasjonen. I 1999 meinte Sør-Afrika at dette var for likt det gamle flagget til landet, og gav ordre om å måle det oransje taket lyseraudt. Taket vart verande oransje, medan undersida vart måla raud.[3] [4]

Basen er i drift året rundt av eit lag av forskarar og støttepersonell.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads