Samisk høgskole

From Wikipedia, the free encyclopedia

Samisk høgskole
Remove ads

Samisk høgskole (SH, nordsamisk Sámi allaskuvla) vart skipa i 1989 og har i dag vel omkring 260 studentar og i overkant av 100 tilsette. Høgskolen er ein av dei statlege høgskolane i Noreg. I 2005 vart Nordisk Samisk Institutt samorganisert med Samisk høgskole, og dei vart samlokaliserte i juli 2009 då det samiske vitskapsbygget, Diehtosiida, stod ferdig.

Kjappe fakta Grunnlagt, Type ...

Samisk høgskole vart etablert for å gje ein større del av den samiske ungdommen høgare utdanning.[1] Samisk høgskole er ein høgare utdannings- og forskingsinstitusjon som skal dekke det samiske samfunnet sine behov. Skolen sitt hovudspråk er samisk både i undervisinga, administrasjonen og mellom dei tilsette og studentane. Samisk utdanning og forsking dannar høgskolens særeigne faglege profil og høgskolen har eit nordisk-samisk og internasjonalt perspektiv med m.a. studentar frå alle land i Sápmi: Noreg, Finland, Sverige og Russland.

Samisk høgskole har til saman ca. 40 studietilbod, men høgskolen gir ikkje alle tilboda samstundes. Kvart år gir ein 17-20 ulike studietilbod, fordelt på ulike program:

  • Bachelorprogram
  • Mastergradsprogram
    • duodji
    • samisk grunnskolelærarutdanning trinn 1.-7. (5-årig)
    • samisk grunnskolelærarutdanning trinn 5.-10. (5-årig)
    • samisk språk og litteratur
    • samisk journalistikk med urfolksperspektiv
  • Doktorgradsprogram
    • samisk språk og litteratur

Studentsamskipnaden i Indre Finnmark er studentane sin organisasjon.

Remove ads

Rektorar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads