Syndicat National de l'Édition Phonographique

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Syndicat National dei l'Édition Phonographique (norsk omsetjing: nasjonalt syndikat for lydutgjevingar), forkorta SNEP, er eit fransk samvirke beståande av medlemmar frå musikkbransjen i Frankrike. SNEP vart grunnlagt i 1922 og består av 48 medlemsorganisasjonar.[1] Føremålet er å verna interessene til den franske musikkbransjen, på same måte som norske TONO vernar den norske musikkbransjen.

Kjappe fakta Org.form, Skipa ...

SNEP er ansvarleg for å krevja inn og fordela royaltyar og innbetalte avgifter for bruk av musikk- og lydproduksjonar medlemsorganisasjonane i radio, fjernsyn, filmar, sceneproduksjonar og andre plattformer. Samanslutninga jobbar òg for å hindra piratkopiering og ulovleg deling av verka til medlemmane.

Olivier Nussa er styreleiar for SNEP per 2018.[2]

Remove ads

Hitlister og salstrofé

SNEP tildeler òg salstrofé i musikkbransjen og utarbeider og publiserer vekentleg offisielle hitlister over dei meste populære singela og musikkalbuma i Frankrike.

I november 1984 starta SNEP med å utarbeida ein topp 50-liste over dei meste selde musikksinglane i landet.[3] Sidan hausten 2002 har dei offisielle listene vore som følgjer:

  • Topp 100 over singlar
  • Topp 150 over musikkalbum selt til full pris
  • Topp 40 over samlealbum
  • Topp 40 over musikkalbum selt til nedsett pris

Før 1984 vart dei franske hitlistene utarbeidd av Institut français d'opinion publique (IFOP).

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads