STS-6
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
STS-6 var namnet på ei ferd med den amerikanske romferja Challenger. Dette var den sjette romferda i det amerikanske romferjeprogrammet og den første romferda med Challenger.
Remove ads
Nyttelast
- Satellitten «Tracking and Data Relay Satellite-1(TDRS-1)».
- Continuous Flow Electrophoresis System (CFES)
- Monodisperse Latex Reactor (MLR)
- Radiation Monitoring Experiment (RME)
- Night/Day Optical Survey of Lightning (NOSL)
- 3 Get Away Special canisters.
Forseinkingar
Romferja Challenger skulle eigentleg blitt skoten opp den 20. januar, men datoen vart utsett grunna hydrogenlekkasjar. Då ein undersøkte romferja fann ein fleire sprekker og ein demonterte dermed alle 3 hovudmotorane og reparerte sprekkene. Etter nøye testing av hovudmotorane vart to av dei sett tilbake på plass, medan ein bytta den tredje hovudmotoren med ein annan.
Under ein storm vart noko av nyttelasta ureina, og oppskytinga vart flytta fram til april.
Remove ads
Oppskytinga
Starten på romferda skjedde klokka 13:30 (EST) den 4. april 1983 då romferja Challenger vart skoten opp frå Pad 39A ved Kennedy Space Center i Florida.
Høgdepunkt frå romferda

Astronautane Peterson og Musgrave skulle utføre den første romvandringa frå ei romferje. Den varte i 4 timar og 17 minuttar. Målet var å prøve ut dei nye romdraktene ein hadde konstruert for bruk om bord romferjene.
Dessutan skulle ein utplassere satellitten «Tracking and Data Relay Satellite-1» (TDRS-1). Satellitten hamna i ei ubrukeleg, men stabil bane, men ved hjelp av reservedrisvstoff om bord i satellitten, gjekk det å etterkvart plassere den i rett bane.
Remove ads
Landing
Den 9. april 1983 klokka 10:53 (PST) landa romferja Challenger ved Edwards Air Force Base etter si første ferd ute i verdsrommet.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads