Sacagawea
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sacagawea, òg Sakakawea og Sacajawea (kring 1788–20. desember 1812) var ei innfødd amerikansk kvinne av shoshonestammen som var med på Lewis og Clark-ekspedisjonen.


Sacagawea vaks opp med hidatsafolket, som fanga ho som born. Ho var med som tolk og guide på utforskinga av dei vestlege delane av USA. Ho var systera til den lemhi-shoshonerske høvdingen Cameahwait, og gift med Toussaint Charbonneau, ein av medlemmane av Lewis og Clark-ekspedisjonen.
Saman med Lewis og Clark reiste Sacagawea heile vegen frå Nord-Dakota til Stillehavet i åra 1804 til 1806. Ho har vorte ein viktig del av mytane frå Lewis og Clark sine ekspedisjonar. Ho vert nytta som symbol for frigjering, verdi og sjølvstende for kvinner. Det finst ei rekkje statuar og minnesmerke vigd henne.[1]
Remove ads
Ettermæle
I 2000 gav United States Mint ut ein eigen mynt, sacagaweadollaren, som ein heider til Sacagawea. Mynten har eit bilete av Sacagawea og sonen hennar, Jean Baptiste Charbonneau. I 2003 vart ho innvotert i Kvinnenes æresgalleri i USA.
- Oppkallingar
- Sacagawea River, i Montana
- Lake Sakakawea, eit basseng i Missourielva i Nord-Dakota
- USS «Sacagawea», fleire amerikanske marineskip
- Sacagaweadollaren
- Mount Sacagawea, fjell i Fremont County, Wyoming, og Sacagaweabreen
- Sacajawea Patera, eit landemerke på planeten Venus
Remove ads
Kjelder
Litteratur
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads