Safa fabrikker
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
A/S Safa-Samnanger er ein tekstilfabrikk i Samnanger kommune i Hordaland. Fabrikken vart etablert i 1931 og produserer strømper og strikka plagg.

I 1931 kjøpte Alfred M. Bruvik opp Voss Strømpefabrikk, og etablerte A/S Safa-Samnanger Fabrikker. To år seinare kjøpte han ein fabrikkbygning i St. Jørgens gate i Bergen, og drifta vart flytta hit for å få plass til å utvida produksjonen. Våren 1941 var fabrikken på flyttefot for tredje gong, denne gongen til Tysse i Samnanger kommune. Alfred M. Bruvik kjøpte fabrikktomta i 1940, og sommaren 1941 stod ein ny fabrikkbygning klar, og strømpefabrikken kunne flytte inn i lokala. Fabrikken produserte tjukke og tynne strømper, slitestrømper og luksusstrømper, sokkar og sportsstrømper.
I 1999 starta utflyttinga av produksjonen til Skinija i Kaunas i Litauen. I dag er det berre lager og pakkeavdeling att i produksjonslokala i Samnanger.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads