Safran

From Wikipedia, the free encyclopedia

Safran
Remove ads

Safran er eit krydder laga av dei tørka arra frå safrankrokusen (Crocus sativus). Det har ein svært høg pris, og er eit av verdas mest kostbare krydder. Safran er tradisjonelt blitt brukt som legemiddel, seremonielt og i matlaging. Iran er eit viktig produksjonsland.

Thumb
Safran
Thumb
Safrankrokus.

Matretter

Safran blir brukt i ei mengd matretter, til dømes i ris- og gryteretter. I asiatisk matlaging lager ein safranris i mange utgåver. I europeisk matlaging nyttar ein safran i fleire matretter, som i den franske fiskesuppa bouillabaisse, den italienske risotto alla milanese og i spansk paella. Til dessertar som saffranis og panna cotta gjev det ein god smak og fin gul farge. I Norden er han mellom anna brukt i lussekatt.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Safran
  • Safran i Urtekildens planteleksikon

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads