Sahab i Jordan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sahab (arabisk سحاب) er ein by i kongedømet Jordan, søraust for hovudstaden Amman. Sahab er kjend for industriområdet sitt, den islamske gravplassen og staden Kahf of Raqeem som er nemnt i Koranen (Surat al-Kahf).
Dei første innbyggjarane i Sahab kom hovudsakleg frå Egypt under Det osmanske riket i 1850-åra.
al-Raqaim er nemnt i Koranen. Segna om «Ahlul-Kahf» eller grottefolket kjem i ein Surah med same namn. Det handlar om fleire unge menn som søkte tilflukt i ei grotte kalla Al-Raqaim nær Sahab, etter at dei frykta det verste då dei hadde konvertert til ein ny religion. Dei sov i grotta i 309 år, før Gud vekte dei og grotta vart oppdaga av folk i byen som vart truande etter den tid.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads