Saidnayafengselet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Saidnayafengselet
Remove ads

Saidnayafengselet (arabisk سجن صيدنايا, Siijn Ṣaydnāyā) var eit militært fengsel og ein dødsleir som låg vest for byen Saidnaya i Syria, 30 kilometer nord for Damaskus. Under den syriske borgarkrigen blei eit estimert tal på rundt 30 000 personar torturerte og avretta i fengselet. Amnesty International karakteriserte dette som ein «utryddingspolitikk».

Kjappe fakta Saidnayafengselet 33.665°N 36.328611111111°E / ...
Remove ads

Skildring

Arbeidet med å byggja Saidnayafengselet tok til i 1978, då syriske styresmakter konfiskerte land frå lokale grunneigarar og gav det til forsvarsdepartementet for å byggja eit fengsel. Bygginga starta i 1981 og var fullført i 1986. Dei fyrste fangane kom i 1987.[1]

I juli 2008 braut det ut uro i fengselet som enda med ein massakre av ni fangar.[2][3]

Saidnayafengselet var det største fengselet i Syria, men ikkje det einaste av sin type og formål. Menneskerettsorganisasjonar identifiserte over 27 fengsel og interneringssenter rundt om i landet drivne av Assad-regimet, der internerte rutinemessig blei torturerte og drepne.[4] Ein syrisk avhoppar, kjend under løyndenamnet Caesar, smugla ut tusenvis av fotografi han hadde teke i desse fengsla som viste lika til dei som hadde vorte torturerte og drepe. Bileta blei lagt fram offentleg i 2020.[5]

Før Assad-regimet fall i desember 2024 blei det halde om lag 14 000 fangar i Saidnayafengselet. I februar 2017 gav ut Amnesty International ein rapport som sa: at mellom 5.000 og 13.000 menneske blei avretta utanomrettsleg i Saydnaya mellom september 2011 og desember 2015.[6] 15. mai 2017 gjentok det amerikanske utanriksdepartementet skuldinga om 50 hemmelege personavrettingar om dagen, skjult ved etterfølgjande kremering på staden.[7][8]

I kjølvatnet av ein offensiv frå syriske opposisjonsgrupper leidde av Haiʾat Tahrir al-Sham frå slutten av november 2024 og den raske kollapsen til Assadregimet i desember, blei fengselet overteke av regimemotstandarar natt til 7. til 8 desember. Då blei fangane lauslatne,[9][10][11][12] fleire av dei kvinner og barn, mellom anna spedbarn.[13][14]

Blant dei som blei frigjevne i desember var fangar som hadde vore fengsla i fleire tiår. Den påstått lengstsitjande fangen, ein syrisk flyvåpenpilot som i ein alder av 26 år nekta ordre om å bomba sivile område i Hama i 1980, sat etter seiande fengsla i 43 år.[15]

Remove ads

Kjende fangar

  • Zahran Alloush (1971–2015), leiar for den islamistiske syriske opprørsgruppa Jaysh al-Islam
  • Hassan Abboud (d. 2014), syrisk motstandskjempar frå Ahrar al-Sham
  • Abū Muhammad al-ʿAdnānī (1977–2016), talsmann for terrororganisasjonen Den islamske staten
  • Haitham al-Malih, syrisk menneskerettsaktivist
  • Omar Alshogre, syrisk menneskerettsaktivist

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads