Saint-Lô
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Saint-Lô er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Manche i regionen Normandie og har om lag 20 000 innbyggjarar.
Remove ads
Geografi
Elva Vire renn gjennom byen. Den gamle byen er bygd på ein knaus på innsida av ein stor sving i elva, der han ein gong kontrollerte trafikken på elva.
Historie
Byen var tidlegare kalla Briovère (som tyder «bru over Vire» på gallisk) og byen er bygd på og rundt gamle festningsvollar. Namnet Saint-Lô kjem frå St. Laud, biskop av Coutances på 500-talet.
Byen ligg ved eit strategisk vegkryss, og vart nesten heilt øydelagd (estimert til 95 %) under Operasjon Overlord i den andre verdskrigen. Samuel Beckett kalla derfor byen Hovudstaden av ruinane. Det vart til og med diskutert om ein i det heile tatt skulle byggje byen opp att, eller om ein skulle la ruinane ligge der som eit minnesmerke over bombinga. Byen vart uansett gjennoppbygd og er i dag eit senter for fransk matlaging med produksjon av prisvinnande oppkutta lever.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Bombinga av Saint-Lo i juni 1944 Arkivert 2008-05-02 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads