Saint Catherine Parish

From Wikipedia, the free encyclopedia

Saint Catherine Parish
Remove ads

Saint Catherine Parish er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg sør på øya. Det grensar til Clarendon Parish i vest, Saint Ann i nord, Saint Mary i nordaust og Saint Andrew i aust. I sør har det kyst mot Det karibiske havet.

Kjappe fakta Land, Region ...

Spanish Town, som var hovudstad på Jamaica frå 1534 til 1872, er fylkeshovudstad. Andre større byar i fylket erPortmore og Old Harbour.[2]

Dei fleste innbyggjarane i fylket arbeider innan jordbruk. Dei viktigaste produkta er sukker, rom, kaffi, banan, ris, sitrus, kakao og tobakk. Det finst også mjølkegardar i fylket, og fiskeoppdrett er ei næring som nyleg har vokse fram.[2]

Det finst fabrikkar i fylket som handsamer jordbruksprodukta, som sitrus, ananas, soyabønner og sukkerrøyrprodukt. I tillegg har det aluminiums- og stålfabrikkar og ein tekstilfabrikk.[2]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads