Saja
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Saja er ei elv nord i Spania som renn gjennom den autonome regionen Cantabria og ut i Biscayabukta. Delar av elva renn gjennom Saja-Besaya naturpark.
Kjelda til Saja ligg 1700 meter over havet og ho renn raskt gjennom ein bratt V-dal dei første kilometrane. Etter landsbyen Fresneda vert dalen vidare og elva dannar ei elveslette.
Sidan delar av elva er verna har ho god vasskvalitet frå kjelda til Santa Lucía-brua. Frå her er vernet dårlegare og vasskvaliteten vert gradvis dårlegare. Nedanfor Besaya er ho mykje forureina.[1].
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads

