Salisburyøya

From Wikipedia, the free encyclopedia

Salisburyøyamap
Remove ads

Salisburyøya (russisk Остров Солсбери; Ostrov Solsberi) er ei øy som ligg sentralt i Frans Josefs land i Russland.

Kjappe fakta Land, Areal ...
Thumb
Plasseringa til Salisburyøya i Frans Josefs land.
Thumb
Salisburyøya

Salisburyøya er relativt stor og lang og har eit areal på 960 km². Det høgaste punktet er 482 meter over havet og nesten heile øya er dekt av is.

Salisburyøya er ein del av undergruppa Zitsjy land i Frans Josefs land. Ho har lite ope hav rundt seg og ligg innklemt mellom Luigiøya og Champøya i sørvest, Zieglerøya i nordaust og Wiener Neustadt-øya i aust.

Øya er kalla opp etter geologen Rollin D. Salisbury (1858-1922) frå University of Chicago. Salisbury var nestkommanderande på Peary-ekspedisjonen.

Salisburyøya må ikkje forvekslast med Salisburyøya i Canada.

Remove ads

Nærliggande øyar

  • Elisabethøya (Остров Елизаветы; Ostrov Jelizavety) er ei 5 km oval øy som ligg 7 km nordvest for Salisbury. Ho er isfri og 121 meter over havet på det høgaste. Øya er kalla opp etter erkehertuginne Elisabeth Marie av Austerrike, dotter til kronprins Rudolf av Austerrike, som Rudolføya, den nordlegaste øya i Frans Josefs land nord, er kalla opp etter.
  • Ostrova Kutsjina (Острова Кучина) er to småøyar nordaust for Salisburyøya. Dei er kalla opp etter den russiske polfararen Aleksander Kutsjin, den einaste russaren med på Amundsen sin Sørpolekspedisjon«Fram». Kutsjin forsvann med Vladimir Rusanov sin mislukka ekspedisjon frå Spitsbergen på skipet «Gerkules» i 1912.
Remove ads

Kjelder

80°55′N 56°08′E


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads