Wiener Neustadt-øya

From Wikipedia, the free encyclopedia

Wiener Neustadt-øya
Remove ads

Wiener Neustadt-øya (russisk Остров Винер-Нёйштадт, Ostrov Viner-Nejsjtadt eller Остров Винер-Нойштадт, Ostrov Viner-Nojsjtadt) er ei øy i Frans Josefs land i Russland.

Kjappe fakta Land, Areal ...
Thumb
Plasseringa til Wiener Neustadt-øya i Frans Josefs land

Wiener Neustadt-øya har eit areal på 237 km² og er nesten fullstendig dekt av is. Det høgaste punktet på øya er 620 meter over havet, som òg er det høgaste punktet i heile Frans Josefs land.

Wiener Neustadt-øya er ein del av Zitsjy land, ei undergruppe av Frans Josefs land. Ho er skild frå Zieglerøya og Salisburyøya av det smale Collinsonsundet (Proliv Kollinsona).

Øya er kalla opp etter Wiener Neustadt (ungarsk Bécsújhely), ein by sør for Wien. Ho blei namngjeven av Payer-Weyprecht under den austerriksk-ungarske polekspedisjonen.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads