Saltvasskrokodille
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Saltvasskrokodille (Crocodylus porosus) er ein krokodilleart som lever i sump- og brakkvassområde i Asia og Oseania. Krokodillen er det største nolevande krypdyret og den største landlevande rovdyret i verda. På det største kan hannkrokodillar bli oppimot 6,7 meter lange og vega så mykje som 2 tonn.
Remove ads
Skildring
Hannar blir typisk 4,3-5,2 meter lange og veg mellom 400 kg og 1 tonn. Svært store hannar kan nå 6,7 meter og opptil 2 tonn.[2]
Utbreiing
Saltvasskrokodillar lever i innlandsvatn, sumpar, marskland og brakkvatn i kystområde og estuar. Dei kviler og legg egg på land.[1]
Ein finn krokodillen i Australia, Brunei, Papua Ny-Guinea, Indonesia, Filippinane, Malaysia, Vietnam, Kambodsja, Myanmar, Bangladesh og India, og på dei mindre øyane Sri Lanka, Solomonøyane, Palau og Vanuatu.[1]
Krokodillane blei rekna som ein truga art på 1980-talet og flytta til den noko tryggare kategorien «sårbar» på 1990-talet, og så «livskraftig» i 1996. I dei fleste land er han regulert under CITES-konvensjonen appendix I, som forbyr handel med verdas mest truga artar. I Australia, Indonesia og Papua Ny-Guinea er dei omfatta av dei litt mindre strenge appendix II-reglane som regulerer handel.[1]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads