Salvador Dalí

From Wikipedia, the free encyclopedia

Salvador Dalí
Remove ads

Salvador Felipe Jacinto Dalí (11. mai 190423. januar 1989), best kjend som Salvador Dali, var ein kunstnar frå den spanske regionen Katalonia. Dalí er best kjend for dei surrealistiske måleria sine, men jobba også med andre medium, som skulptur og film. Han blei også vidkjend på grunn av den underlege veremåten sin.

Thumb
Salvador Dalí i 1939.
Kjappe fakta

Salvador Dalí var fødd og voks opp i Figueres i spansk Katalonia, ikkje langt frå den franske grensa. I 1922 flytta han til Madrid for å studera ved kunstkulen Academia de San Fernando. I Madrid han møtte kunstnarane Luis Buñuel og Federico García Lorca, som han blei nær ven med. Allereie på denne tida fekk Dalí rykte på seg for å vera eksentrisk. Også måleria, der han eksperimenterte med kubisme, fekk stor merksemd frå medstudentane hans.

Dalí eksperimenterte også med dadaisme, noko som påverka arbeida hans gjennom heile livet. Dalí blei utvist frå skulen i 1926, rett før sin siste eksamen, etter at han uttalte at ingen ved skilen hadde nok kompetanse til å eksaminera han. Dette året drog han til Paris der han møtte Pablo Picasso. Han blei sterkt påverka av både Picasso og Joan Miró.

I 1929 hadde Dalí fleire store utstillingar, og blei offisielt ein del av surrealistrørsla.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Salvador Dalí
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads