Samara

by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia

Samara
Remove ads

Samara (russisk Сама́ра; frå 1935 til 1990 kalla Kujbysjov, Ку́йбышев) er den sjette største byen i Russland. Han ligg søraust i den europeiske delen av Russland ved Volga. Samara er hovudstad i Samara oblast og har om lag 1,1 millionar innbyggjarar. Storbyområdet Samara-Togliatti-Syzran har meir enn 3 millionar innbyggjarar. Tidlegare var Samara ein lukka by, men er i dag eit viktig senter for samfunn, politikk, økonomi, industri og kultur.

Kjappe fakta Land, Føderasjonssubjekt ...

Samara ligg på venstresida av Volga. I nord ligg Sokolyjåsane og i sør og aust steppelandskap. Samara har eit kontinentalklima med varme somrar og kalde vintrar.

Remove ads

Historie

Ei segn fortel at metropolitten Aleksej, seinare vernehelgenen til Samara, vitja staden der byen i dag ligg i 1357 og føresåg at det kom til å reisast ein stor by her. Kaien ved Volga i Samara dukka opp italienske kart på 1300-talet, men offisielt vart ikkje byen grunnlagd før 1586 då det vart reist ei festning der elva Samara munnar ut i Volga. Festninga vart bygd ved det som då var den austlege landegrensa til Russland, og skulle verna nasjonen mot invaderande nomadar frå aust. Eit lokalt tollkontor vart oppretta her i 1600.

Etter kvart som fleire og fleire skip kom til hamna i Samara vart byn eit senter for diplomatiske og økonomiske band mellom Russland og Austen. Byen vart vitja av Peter den store og tsar Nikolaj II.

I 1780 vart Samara hovudbyen (ujezd) i Simbirsk oblast, styrt av ein lokal generalguvernør. Ein domstol og eit finansdepartement vart oppretta. I 1851 då Samara vart senter i Samara oblast, hadde han om lag 20 000 innbyggjarar. Dette stimulerte utviklinga av det økonomiske, politiske og kulturelle livet i byen. Ved starten av 1900-talet hadde byen meir enn 100 000 innbyggjarar, og vart eit stort handels- og industrisenter i Volga-området. Den russiske revolusjonen førte til sovjetisk kontroll over Samara i 1917, men i juni 1917 med væpna støtte frå tsjekkoslovakiske styrkar, vart byen teke av Komutsj.

I 1917 var det ein alvorleg svoltkatastrofe i Samara og Fridtjof Nansen var av personane som kom til byen for å hjelpe dei svoltråka. Samara fekk namnet Kujbysjov til ære for bolsjevikleiaren Valerian Kujbysjov i 1935.

Under den andre verdskrigen vart Kujbysjov vald som hovudstaden av Sovjetunionen om Moskva skulle falle til tyskarane. I oktober 1941 vart kommunistparitet, statlege organisasjonar, diplomatiske utsendingar frå utlandet og leiande kulturinstitusjonar evakuert til byen.[1] Eit tilfluktsrom for Stalin, kalla Stalinbunkersen, vart grave ut men aldri nytta.

Som eit stort industrisenter spelte Kujbysjov ei viktig rolle med å produsere våpen til Sovjetunionen. Ein kjend militærparade vart halde her 7. november 1941. Kujbysjov vart verande ein alternativ hovudstad i Sovjetunionen fram til sommaren 1943 då alt vart flytta tilbake til Moskva.

Etter krigen utvikla forsvarsindustrien seg raskt i byen og Kujbysjov vart ein lukka by. I 1960 vart Kujbysjov missilskjoldsenteret i landet. Utkytingsfartøyet Vostok, som sende opp den første bemanna romskipet i verdsrommet, vart bygd ved ein fabrikk i Samara, og byen var ei viktig brikke i utviklinga av romprogrammet til Sovjetunionen.

I januar 1991 fekk byen tilbake namnet Samara. I dag er byen er eit stort industrisenter i Russland og har eit stort kulturelt potensial med ein multietnisk folkesetnad og lang historie.[2]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads