Samekniv
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Samekniv er ein kniv som tradisjonelt er blitt brukt av samar.[1] Samar har tradisjonelt brukt to typar kniv: Ein liten, gjerne kalla buiku, puukko eller unna niibaš (liten kniv) og ein stor kalla stuorra niibi ('stor kniv'). Ein endå større kniv er kjend som väkipuukko og kan minne om våpenet sax.

Ein typisk stor samekniv har eit knivblad som er mellom 20 og 45 cm langt.[2] Han har eit langt, breitt og kraftig blad og er ein allsidig reiskap.
Den store samekniven egner seg til hogging, kvisting og kapping av småtre, rydding av kratt, kløyving av ved og skjering av padleårar, flåing, slakt og knusing av bein og til forsvar og kamp.[3]
Kvinner brukte tradisjonelt knivar til hushaldsarbeid, skinn- og tågarbeid.[3]
Skjeftet er ofte laga av bjørk, og tilpassa bruk med vottar og fingrar som er numne av kulde.[4] Tangen går gjennom skjeftet. Samekniven har tradisjonelt ikkje fingervern, men nokre moderne sameknivar kan ha en liten tupp som stopper peikefingeren frå å gli ut på bladet.[5]
Skjeden er gjerne laga av reinskinn. Skaft og skjede kan også lagast av horn eller bein.
Remove ads
Symbolsk tyding
Etter gammal samisk tru og folkemedisin har kniven hatt ei vernande og lækjande kraft. Han skulle kunne stoppa bløding, lindre gikt og fjerna byllar. Massingen i holken og beslaget skulle verna mot vonde makter og ulukke.[6]
Galleri
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads