Nordisk sameråd

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Nordisk sameråd (nordsamisk Sámiráđđi) er ein paraplyorganisasjon for samiske organisasjonar i Noreg, Sverige, Finland og Russland.[1] Etter at Nordisk sameråd fekk representantar frå russisk side er det vanleg å referere til det berre som Samerådet.

Kjappe fakta Skipa, Leiar ...

Sekretariatet til Nordisk sameråd ligg i Utsjok i Finland.

Remove ads

Historie

Nordisk sameråd vart grunnlagt 1956,[1] men den første internasjonale samiske konferansen vart arrangert allereie 31.8.-3.9.1953 i Jokkmokk i Sverige. På denne konferansen vart det sett ned ein komité som fekk i oppgåve å danne eit felles sameråd. Dette samerådet skulle fremje dei økonomiske og kulturelle interessene til samane.

Dei første vedtektene for eit sameråd vart fastsette på samekonferansen i Karasjok i 1956.

Remove ads

Rådsmedlemmar

Samerådet består av 15 medlemmer, 5 frå norsk side, 4 frå svensk side, 4 frå finsk side og 2 frå russisk side. Kvar medlem har ein varamedlem.

Medlemsorganisasjonar

Samekonferansar

  1. Jokkmokk, 1953
  2. Karasjok, 1956
  3. Enare, 1959
  4. Kiruna, 1962
  5. Tana, 1965
  6. Hetta, 1968
  7. Gällivare, 1971
  8. Snåsa, 1974
  9. Enare, 1976
  10. Arjeplog, 1978
  11. Tromsø, 1980
  12. Utsjoki, 1983
  13. Åre, 1986
  14. Lakselv, 1989
  15. Helsinki, 1992
  16. Murmansk, 1996 (Murmanskdeklarasjonen)
  17. Kiruna, 2000 (Kirunadeklarasjonen)
  18. Honningsvåg, 2004 (Honningsvågdeklarasjonen)
  19. Rovaniemi, 2008 (Rovaniemideklarasjonen)
  20. Murmansk, 2013
  21. Trondheim, 2017 (Tråantedeklarasjonen)
  22. Gällivare, 2021
Remove ads

Samerådets litteraturpris

Sidan 1994 har Sámerådet delt ut Samerådets litteraturpris.[2]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads