Sandra Bullock

amerikansk og tysk filmskodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Sandra Bullock
Remove ads

Sandra Annette Bullock (fødd 26. juli 1964) er ein amerikansk og tysk filmskodespelar. På den 82. Oscar-utdelinga i 2010 fekk ho ein Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for rolla si i filmen The Blind Side, dagen etter at ho hadde fått Razzie-award for dårlegaste kvinnelege skodespelar for rolla si i filmen All About Steve. Ho møtte opp på begge prisutdelingane personleg og var den første som vann både ein Oscar og ein Razzie same år. Bullock vann òg Golden Globe som beste kvinnelege skodespelar i film (drama) for innsatsen i The Blind Side.

Den første viktige filmrolla hennar var i Demolition Man i 1993. Det leidde til gjennombrotet hennar i Speed det følgjande året. Ho har ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Remove ads

Filmografi

Bullock har spelt i over 50 filmar, og har delteke i produksjonen av over 15 verk for film og fjernsyn.[1] Dei ti mest inntenande filmane hennar er:[2][3]

  • Minions (2015)
  • Gravity (2013)
  • The Blind Side (2009)
  • The Proposal (2009)
  • The Heat (2013)
  • Ocean's 8 (2018)
  • Speed (1994)
  • A Time to Kill (1996)
  • Miss Congeniality (2000)
  • The Prince of Egypt (1998)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads