Sanitetsbataljonen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sanitetsbataljonen
Remove ads

Sanitetsbataljonen (SANBN) er ein støttebataljon i Brigade Nord som har til oppgåve å behandla såra i strid og krigssituasjonar. I praksis bistår Sanitetsbataljonen med å stabilisera såra personell til vidare evakuering frå striden til feltsjukehus.[1] Bataljonen utdannar soldatar innan førstehjelp, slik at dei kan utføra førstehjelp i svært stressande situasjonar. Bataljonen er difor avhengig av fysisk og mentalt robuste soldatar.[2] Sjølv om det 2 av kompania er stasjonert på høvesvis Rena og Skjold, held storparten av bataljonen til på Setermoen i Bardu.[3]

Kjappe fakta Land, Aktiv ...

Avdelinga har i oppgåve å støtta Brigade Nord sine kampavdelingar med sanitetsstøtte under oppdrag.[1] Med hjelp av beltevogn BV206, feltvogn MB 240 og MB 300 og pansra personellvogner Sisu XA-180, evakuerer avdelinga pasientar til feltsjukehusa. Avdelinga utdannar personell innan nivå 3 førstehjelp (Basic Medic), og består av både vernepliktig personell, verva personell og akademikarar som sjukepleiarar og leger.

Personellet i bataljonen nyttar Brigade Nord sin blå beret.

Remove ads

Kompani

Bataljonstab

Bataljonstaben er leiinga i Sanitetsbataljonen. På oppdrag er staben i kommandoplassen til kompani 5, og har det overordna ansvaret for plassering av feltsjukehus og logistikk.

Kompani 1

Sanitetskompani 1 (Kp1) består av sanitetssoldatar (medic), som stabilerer og behandlar såra personell i strid. Avdelinga er ein av 3 sanitetsavdelingar på Setermoen leir, og har i oppgåve å primært støtte Panserbataljonen under oppdragsløysing. Kompaniet består av 3 evakueringstroppar og støtter. med førstehjelp og medisinsk evakuering.[4]

Kompani 2

Sanitetskompani 2 (Kp 2) består på lik linje som Kp1 av primært vernepliktig personell som sanitetsoldatar (medic). Kp 2 haldar til på Skjold leir og er med dette den einaste militære sanitetavdelinga på leiren. Avdelinga  støttar primært 2. bataljon på oppdrag, med førstehjelp og medisinsk evakuering, med sine to evakueringstroppar.[4]

Thumb
Soldatar frå Sanitetskompani 3 i Oslo etter eksplosjonen 22. juli 2011.
Foto: Chell Hill, 2011

Kompani 3 HRS

Sanitetskompani 3 er bataljonen sin HRS-styrke, og består utelukkande av verva personell.[1] Hovudoppgåva er å støtta Telemark bataljon og resten av NATOs hurtige reaksjonsstyrke (NRF). Kompaniet held til på Rena. Kompaniet er ofte ein del av eit samvirkesystem, og stiller ofte soldatar til internasjonale operasjonar.[1] Sanitetskompani 3 er stort sett likt utstyrt som Kompani 1.

Kompani 4

Sanitetskompani 4 (Kp4) i blei hausten 2024 gjenoppretta. Avdelinga støttar artilleriet på oppdragsløysing og i stor grad same organisering og kjøretøy som dei andre kompania.[5]

Thumb
Sanitetsbataljonen nyttar pansra ambulansar til evakuering av pasientar.
Foto: Håkon Dahlmo, 1997

Kompani 5

Dette kompaniet har i oppgåve å oppretta og drifta Brigade Nord sitt feltsjukehus.[1] Pasientar vert frakta dit for behandling. Feltsjukehuset har moderne utstyr og kapasitet til å gjennomføra avansert kirurgi, ved hjelp av profesjonelle legar. Sidan bataljonen er ein materielltung avdeling, har kompaniet kapasitetar innan reperasjon. Reperasjonslaget er mekanisk og teknisk flinke soldatar som er kritiske for å halda stridsevna til bataljonen oppe.[6] Kp5 etablerer òg kommandoplassen, som er satt opp med containerar og telt. Kommandoplassoldatane er oppsatt på Scania lastevogn og MB 240 feltvogner. Nokre av soldatane i kommandoplasslaget fungerer som sambandsoperatørar i felt. Desse er inndelt i mindre relélag som sikrar sambandet mellom lag og kompani. På lik linje med sambandssoldatar i Sambandsbataljonen, opererer ofte soldatane åleina og åtskilt frå resten av Stabstroppen. Difor stillest det krav til sjølvstendige og robuste soldatar.[6]

Remove ads

Sjå òg

  • Forsvarets sanitet (FSAN)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads