Sara av Bob Dylan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Sara» er ein song av Bob Dylan frå 1976 på albumet Desire.[1] Det er siste songen på albumet og i motsetnad til mange av songane på albumet, som vart skrivne av Dylan og Jacques Levy, vart «Sara» skriven av Dylan aleine, som ei sjølvbiografisk soge om det kjølige forholdet hans til den dåverande kona Sara Dylan. Songen vart spelt inn 31. juli 1975.[2]
Remove ads
Bakgrunn
Songen er kalla opp etter kona til Dylan på den tida og handlar om det tidlege forholdet deira, mellom anna barna paret fekk i lag.[3] I boka si Down The Highway: The Life of Bob Dylan siterte Howard Sounes ei soge frå Jacques Levy om innspelinga av songen. Levy fortalte at Sara var i studio og lytta frå mikserommet medan Dylan spelte inn songen.[3][4] Dylan skal ha snudd seg mot Sara like før han byrja songen og sagt «Denne er til deg.»[5]
Dette første opptaket av songen er visstnok opptaket som hamna på albumet.[4] Bob og Sara kom saman att etter songen kom ut, men skilde seg til slutt i 1977.[6][7]
Songen inneheld linja «Staying up for days in the Chelsea hotel/ writing Sad Eyed Lady of the Lowlands for you,»[8] og var ein referanse til Hotel Chelsea, der Dylan budde ei tid i 1960-åra.[9][10]
Remove ads
Mottaking
«Sara» er blitt kalla ein av dei beste kjærleikssongane til Dylan. The Irish Times meinte songen var «det vakraste uttrykket som nokon gong er gjeve ut på plate av det dyrebare og skjøre i kjærleiken.»[11] Rolling Stone kalla songen den kanskje mest personlege songen i heile karrieren hans.[12] «Sara» vart rangert på 48. plassen på ei liste Rolling Stone laga over dei 100 beste Dylan-songane.[13]
Andre versjonar
Eit konsertopptak av songen finst på The Bootleg Series Vol. 5: Bob Dylan Live 1975, The Rolling Thunder Revue.[14]
Medverkande
- Bob Dylan – vokal, gitar, munnspel
- Scarlet Rivera – fiolin
- Rob Stoner – bass
- Howard Wyeth – trommer
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads