Sari Essayah
finsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sari Essayah (fødd 21. februar 1967 i Haukivuori) er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar (kappgjengar) og riksdagsrepresentant. Sidan 2009 er ho medlem av Europaparlamentet.
Essayah konkurrerte hovudsakleg på 10 km og var best på midten av 1990-talet. Høgdepunkta i karrieren var VM-gullet i 1993 i Stuttgart og EM-gullet i 1994 på heimebane i Helsingfors. Etter OL 1996, der Essayah vart nr. 16, valde ho å leggja opp.
Frå 2003 til 2007 var Essayah representant i Finlands riksdag for Kristdemokraterna i Finland.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Sari Essayah» frå Wikipedia på bokmål, den 3. januar 2016.
Bakgrunnsstoff
- «Sari Essayah» (på engelsk). Olympedia. Henta 5. mars 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads