Sarinda
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sarinda er eit sørasiatisk strengeinstrument med tre strenger som blir spelt på med boge. Instrumentet blir brukt innan sørasiatisk folkemusikk, ofte til å akkompagnera song, men òg åleine.
På storleik og form kan instrumentet minna om ein fiolin, men haldeteknikken er noko ulik: Ein sarindaspeler held som regel instrumentet sitt loddrett medan han sit på bakken.
Sarindaen er skore ut av eitt trestykke. Det har to resonanskammer og smalnar på midten. Det øvre kammeret er gjerne dekt av skinn. Toppen av instrumentet er skore ut som ein figur, til dømes ein fugl, ein hest, eller gudeparet Radha-Krishna.
Remove ads
Sjå òg
- Sarangi er ein meir utbreidd versjon av sarindaen.
Kjelder
- http://www.uoguelph.ca/music/coleman/sarinda.html Arkivert 2005-11-18 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Sarinda» frå Wikipedia på engelsk, den 19. november 2005.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads