Sarpsborg kyrkje
kyrkje i Sarpsborg i Østfold From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sarpsborg kyrke er ei nygotisk langkyrkje i upussa tegl frå 1863 i Sarpsborg kommune i Østfold fylke. Ei kyrkje frå 1859 (arkitekt: Wilhelm von Hanno[1]) brann allereie i 1861, og Chr.H. Grosch fekk i oppdrag å byggje opp att kyrkja. Han inkorporerte delar av murane frå von Hanno si kyrkje i den nye kyrkja, som har 550 sitjeplassar i dag.


Kyrkja fekk si noverande framtoning då ho vart sett i stand til hundreårsjubileet i 1959 etter ein plan av arkitekt Esben Poulsson. Då laga Victor Sparre glasmåleri til korvindauga, og det altarbiletet som hadde vore i bruk til då, vart flytta til eit sideskip. Biletet vart måla av Christen Brun i kopi etter altarbiletet i Tyristrand kyrkje (måla av Adolph Tidemand).
Området rundt kyrkja vert ikkje lengre nytta til kyrkjegard, men er gjort om til park. Det finst to andre kyrkjegardar (eller gravlundar) i byen, ved krematoriet (St. Olavs gravlund) og ved Tune kyrkje (Sarpsborg vestre gravlund).
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads