Søndre Borgesyssel prosti
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Søndre Borgesyssel prosti (tidl. Sarpsborg prosti) er eit tenestedistrikt i Borg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Halden og Sarpsborg. Prosten har sete i Sarpsborg.
Remove ads
Historie
Prostiet vart skipa som Sarpsborg prosti i 1973.[1] Det vart danna av prestegjelda Sarpsborg, Tune og Varteig overført frå Vestre Borgesyssel prosti og Idd, Halden, Berg og Skjeberg overført frå Nedre Borgesyssel prosti.[1] I 2019 vart prostinamnet endra til Søndre Borgesyssel.[2][3][4]
Tidslinje
- 1973 - Sarpsborg prosti vart oppretta. Det bestod frå starten av prestegjelda Sarpsborg, Tune, Varteig, Idd, Halden, Berg og Skjeberg.
- 1985 - Greåker prestegjeld vart oppretta. Området vart skilt ut frå Tune.[5]
- 2004 - Den norske kyrkja byrjar fase ut ordninga med prestegjeld.
Remove ads
Sokn i Sarpsborg prosti
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
Remove ads
Prestegjeld
Tidlegare var prestetenesta organisert gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Sarpsborg prosti desse prestegjelda:
- Sarpsborg prestegjeld
- Sarpsborg sokn
- Skjeberg prestegjeld
- Skjeberg sokn
- Ingedal sokn
- Ullerøy sokn
- Hafslund sokn
- Skjebergdalen sokn
- Varteig prestegjeld
- Varteig sokn
- Tune prestegjeld
- Tune sokn
- Holleby sokn
- Greåker prestegjeld
- Greåker sokn
- Solli sokn
- Idd prestegjeld
- Idd sokn
- Enningdalen sokn
- Tistedal sokn
- Asak sokn
- Halden prestegjeld
- Halden sokn
- Berg sokn i Borg
- Rokke sokn
Sjå òg
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads