Sasa i Israel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sasa (hebraisk skrift סָאסָא) er ein kibbutz i Øvre Galilea nord i Israel. Han ligg kring 1,5 km frå grensa til Libanon, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune.
- Denne artikkelen handlar om byen i Israel. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Sasa (fleirtyding).
Remove ads
Historie
Kibbutzen vart grunnlagd i januar 1949 av ein gar'in nordamerikanske Hashomer Hatzair-medlemmar på landområdet til den avfolka palestinske landsbyen Sa'sa'.[1] Sa'sa' vart øydelagd av israelske brigadar den 30. oktober 1948. Sa'sa' overgav seg utan motstand og det kom seinare påståandar om israelske hardferder etter overgjevinga.[2] Mange av dei opphavlege innbyggjarane i Sa'sa bur i dag i Nahr al-Bared, ein palestinsk flyktningleir i Libanon,[3], medan andre har busett seg i den nærliggande Jish.
På området til kibbutzen skal den påståtte grava til rabbien Levi ben Sisi ligge, som i røynda døydde langt borte i Babylon på første halvdelen av 200-talet.[4]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads