Savalen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Savalenmap
Remove ads

Savalen er ein innsjø som ligg i kommunane Tynset og Alvdal i Innlandet fylke, og ei grend ved den same sjøen.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Savalen er eit av dei største rekreasjonsområda i distriktet. Savalen Fjellhotell ligg i den nordaustlege enden av sjøen. Kunstisbanen i nærleiken av hotellet er kjent for å ha rask skeiseis, og det er sett verdsrekordar og fleire noregsrekordar her, mellom anna av Frode Rønning, Jan Egil Storholt, Rolf Falk-Larssen og Johann Olav Koss. Det er òg eit alpinanlegg i området med to skiheisar, samt skistadion og rulleskiløype.

Arne Garborg budde på østerdalsstua Kolbotnen ved Savalen frå året før han gifta seg med Hulda i 1887, til sonen Arne Olaus Fjørtoft Garborg sin skulegang gjorde at dei i 1896 flytta til Stokke i Vestfold. Brevsamlinga Kolbotnbrev, som kom ut i 1890, er frå denne tida.


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads