Saved

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Saved er det 20. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records 23. juni 1980. Saved var det andre albumet til Dylan etter at han vart gjenfødd som kristen og vert rekna som ein oppfølgjar til Slow Train Coming frå 1979. Alle songane på albumet uttrykte sterk personleg tru og er kraftig påverka av gospel.

Meir informasjon Bob Dylan-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

I motsetnad til det førre albumet, avskreiv kritikarane Saved for dei dogmatiske songane og bombastiske arrangementa. Det nådde likevel tredjeplassen i Storbritannia, men nådde berre 24. plassen i USA. I Noreg nådde albumet femteplassen.

Remove ads

Plateomslag

Omslaget til Saved var opphavleg eit måleri av Tony Wright av handa til Jesus som kjem ned og rører hendene til dei truande. Dette vart erstatta av eit måleri av Dylan på scenen, for å dempe det særs religiøse preget til det originale omslaget. Det har sidan blitt endra attende på nokre av utgjevingane.

Utgjeving og mottaking

Albumet klatra til tredjeplassen i Storbritannia, men nådde berre 24. plassen i USA og selde ikkje til gullplate. I Noreg nådde albumet femteplassen. CCM Magazine skildra albumet som «ei open deklarering av den stadig djupare trua til Dylan.»[6] Albumet fekk blanda kritikk. Robert Christgau gav albumet ein «C+», og skildra det som «mest truleg eit mislukka eksperiment eller eit behageleg stykke rutinearbeid».[8] Kurt Loder skreiv for Rolling Stone og hylla bandet til Dylan, men meinte at fleire songane leid under dei religiøse meldingane. Han peikte ut «In the Garden» for sitt «deilige, bølgjande arrangement». Loder skreiv at forsøket til Dylan på eit gospelalbum ikkje var så merkverdig som andre «ikkje fordi han manglar den vokale reiskapen, men fordi han er for innovativ, for stor for sjangeren». Han oppsummerte Saved som eit gospelalbum med «nokre særpreg».[9]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Bob Dylan, except where noted

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Technical

  • Barry Beckett – produsent
  • Gregg Hamm lydteknikar
  • Bobby Hata mastering
  • Mary Beth McLemore – assisterande lydteknikar
  • Arthur Rosato – fotografi
  • Jerry Wexler – produsent
  • Paul Wexler – masteringkontroll
  • Tony Wright – plateomslag
Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads