Scandal av Queen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Scandal» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han vart gjeven ut som den fjerde singelen frå albumet The Miracle i 1989 og nådde 25. plassen på den britiske singellista.[1] Singelen vart gjeven ut i USA òg, men gjekk ikkje inn på lista der.
Den originale versjonen av songen «My Life Has Been Saved» vart gjeven ut som B-sida til singelen, før May, Taylor, Deacon og Richards omarbeidde songen for det femtande og siste studioalbumet sitt, Made in Heaven. I 1995-utgåva var den originale gitarintroen erstatta med klaverinstrument spelt av bassisten John Deacon.
Remove ads
Kompsosijon
«Scandal» vart skriven av Brian May, men er tilskriven heile Queen. Songen handlar om den uønskte merksemda som May og Freddie Mercury fekk i pressa seint i 1980-åra. May gjekk gjennom eit skilsmål frå den første kona si, Chrissie Mullen, og hadde eit forhold med skodespelaren Anita Dobson. Mercury hadde testa positivt for HIV i 1987, men annonserte ikkje at han hadde viruset før dagen før han døydde i november 1991. Det var aukande spekulasjonar i media om helsa hans då utsjånaden hans endra seg, særleg tok han av mange kilo, som var med på å gje liv til spekulasjonane om at han var alvorleg sjuk.[2]
Remove ads
Musikkvideo
I videoen spelar bandet på ein scene utforma som ei avis. Han vart filma i Pinewood Studios i september 1989, og er kjend for den magre utsjånaden til Mercury.
Medverkande
- Freddie Mercury - føresongar og korvokal
- Brian May - elektrisk gitar, keyboard
- Roger Taylor - trommer, vibraslap
- John Deacon - bassgitar
- David Richards - synthbass, sampler
Lister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads