Scheherazade and Other Stories

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Scheherazade and Other Stories er det sjette studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Renaissance, gjeve ut i 1975.

Meir informasjon Renaissance-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Andresida av albumet bestod av det episke tonediktet «Song of Scheherazade», basert på soger frå Tusen og ei natt. Albumet nådde 48. plassen i USA.[2]

Somme kritikarar reknar det som det beste albumet deira, medan andre føretrekkjer tidlegare album.[3][4] Dette er det første albumet av Renaissance, etter Annie Haslam kom med, som ikkje brukar faktiske klassiske stykke og den første utan låtar frå nokre av dei opphavlege medlemmane i bandet. «Song of Scheherazade» er ikkje basert på Nikolaj Rimskij-Korsakov sin Scheherazade, men har eit seks notar langt motiv som går att og kan minne om dette verket.[3]

Remove ads

Historie

«Song of Scheherazade» tar opp heile side B av LP-plata og varer over 24 minuttar. Stykket er delt inn i fleire seksjonar med eigne namn, men det er noko forvirring om kvar dei forskjellige seksjonane av verket byrjar og sluttar. Dette kjem av at «Fanfare» og «The Betrayal» i lag høyrest ut som ein enkel seksjon, medan «Festival Preparations» har to ulike partar. Denne forvirringa går òg att på plateomslaga til dei forskjellige utgjevingane av albumet og på somme samlealbum, der «Festival Preparations» (part 1) feilaktig vart kalla «The Young Prince and Princess» på samlealbumet Tales of 1001 Nights, Volume I i 1990.[5]

«Trip to the Fair» handla om det første stevnemøte til Annie Haslam med Roy Wood.[6]

«Ocean Gypsy» har sidan blitt spelt inn av Blackmore's Night.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Renaissance

  • Annie Haslam – solovokal (utanom på spor 4c) og korvokal
  • Michael Dunford – akustisk gitarar, korvokal
  • John Tout – klaverinstrument, korvokal
  • Jon Camp – bass, bass pedals, solovokal på spor 4c, korvokal
  • Terence Sullivan – trommer, korvokal, perkusjon

Andre medverkande

  • Tony Cox – orkesterarrangement

Produksjon

  • David Hitchcock - produsent
  • John Kurlander - lydteknikar
  • Patrick Stapley - assisterande lydteknikar
  • Hipgnosis - design
  • W.T. (Terry) Penman - klaverinstrument/scenemanager

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads