Schibsted

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Schibsted (OSE: SCH) er det største mediekonsernet i Noreg, og ein av dei leiande medieaktørane i Skandinavia. Konsernet har etablerte produkt og rettar innanfor media som avis, fjernsyn, film, forlag, multimedia og mobile tenester.

Kjappe fakta Org.form, Org.nr. ...
Remove ads

Historie

Selskapet vart grunnlagt av Christian Schibsted i 1839 då han starta ei lita verksemd som boktrykkjar i Oslo. Schibsted overtok eigarskapet til Verdens Gang i 1966, då avisa var i finansielle problem. I 1988 vart det til då familieeigde selskapet omlagt til aksjeselskapsforma og det vart oppretta ulike dotterselskap. I dag eig Schibsted mellom anna Verdens Gang, Aftenposten og Avis1, og er deleigar av svenske Aftonbladet (49,9%), TV 2 (33,3%), Svenska Dagbladet, Metronome Film & Television AB (60%) og Sandrew Metronome (50%).

Konsernet vart børsnotert i 1992, og konsernsjef har sidan det vore Kjell Aamot.

Hovudkontoret ligg i Oslo og det meste av verksemda er knytt til Noreg og Sverige.

Remove ads

Eigarskap

Schibsted ASA er eigd av:

  • Blommenholm Industrier AS ved Tinius Nagell-Erichsen (26,1 %)
  • State Street Bank (10,7 %)
  • Folketrygdfondet (8,2 %)
  • Capital Research (6,6 %)
  • Marathon Asset Management (6,1 %)
  • Mellon Bank (6,0 %)
  • Andre eigarar (36,2 %)

Schibsted ASA eig dette innan norsk presse og fjernsyn:

Andre selskap Schibsted eig:

  • Schibsted Søk AS (Sesam.no) (100 %)
  • Næringsliv24 AS (100%, gjennom Aftenposten (60%) og VG(40%))
  • Basefarm AS (73,5 %)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads